Verdenstopper til KWI

Klappet og klart til friidrettsfest i Ulsteinvik: Verdenstopper klare for Karsten Warholm International Flere verdensmestere er klare for Karsten Warholm International som går av stabelen …

Les meir

Supertalent i høgde

Ein av dei største overraskelsane under VM i Doha 2019 kom i høgde for kvinner:  18 år gamle Yaroslava Mahuchikh frå Ukraina tok sølvmedaljen under …

Les meir

Lange svev i KWI

Lange svev i Karsten Warholm International 28. februar. Vi kan informere om at vi no har fått stadfesta at regjerande verdsmeister innandørs i lengde,  Juan …

Les meir
  • Heim
  • Verdsmeister til Ulsteinvik

Verdsmeister til Ulsteinvik

Verdsmeister Pierre-Ambroise Bosse også klar for Ulsteinvik!

Etter å ha bygd opp dei tekniske øvingane under Karsten Warholm International til flott internasjonalt nivå, kan vi også glede publikum med flotte løpsøvingar:

  • Den siste verdsstjerna som er bekrefta er Pierre-Ambroise Bosse frå Frankrike, som skal springe 600m i Ulsteinvik.

Bosse blei verdsmeister i London 2017 på 800 meter, og har ein pers på imponerande: 1,42,53.  Dette er raskare enn vår OL-mester Vebjørn Rodal som har sprunge på 1,42,58.

Pers’en på 600m er endå meir imponerande: 1,13,21, altså eit drygt halvsekund raskare enn innandørs-verdensrekorden. Verdsrekorden innandørs tilhøyrer Donovan Brazier på 1,13,77 frå i fjor.

Når vi veit at den 3-doble verdsmeisteren på 400m innandørs, Pavel Maslak skal vere fartsholdar på 600m, er det lov for oss som arrangør å drøyme om verdsrekord-tempo i Ulsteinhallen!

Først skal sjølvsagt Maslak springe 400m mot vår eigen doble verdsmeister på 400m hekk, Karsten Warholm, eit løp som kjem til å innleie det sterke stemneprogrammet.

  • «Det er nesten så eg blir frista til å springe 600m mot Bosse og dei andre sterke gutta i 600m-feltet», seier Karsten, men legg til med eit smil: «Leif gir meg vel beskjed om å nøye meg med to rundar i år også».

Også dei nye rekordholdarane frå NM innandørs sist helg i Bærum Idrettspark får flott matching:

Kule menn: 22-metersmann utfordrar Thomsen

Marcus Thomsen, som støtte 21,01 og ny norsk innandørsrekord på laurdag får bryne seg mot bl.a Bob Bertemes frå Luxemburg, som har støtt 22,22 utandørs! Innandørs har Bob 21,03, altså 2cm lengre enn Marcus.

400m kvinner: fjoråsvinnar Evelin Nadhazy, Ungarn mot Amalie Iuel

Amalie Iuel, som sette ny norsk rekord med 52,25 på 400m under NM sist helg møter bl.a Ukrainske Anastasia Bryzhina og fjorårets vinnar Evelin Nadhazy frå Ungarn. Anastasia har 51,89 utandørs.  22-åringen som blei U20 Europamester i 2017 er på full fart framover.

Stav menn: Lillefosse møter to verdsmeistrar

Nyslått juniorrekordholder Pål Haugen Lillefosse  (5,65 NM sist søndag) får sin ilddåp mot Sam Kendricks og Pawel Wojciekowski,  ein stavkonkurranse som ein aldri har sett maken til innandørs i Norge tidligare!

Oppdaterte startlister ligg til ei kvar tid ute på:

www.kwinternational.no

For mer informasjon, kontakt prosjektleiar Kristne G. Haddal på 908 58276 og/eller deltakar-koordinator Ståle Jan Frøynes på 901 41998

Vi benytter informasjonskapslar (cookies) for å gjere opplevinga di betre når du besøker denne nettstaden. Ved å fortsette å bruke nettstaden godtek du bruken av informasjonskapslar. Du kan lese meir her.