Ein av dei største overraskelsane under VM i Doha 2019 kom i høgde for kvinner:
- 18 år gamle Yaroslava Mahuchikh frå Ukraina tok sølvmedaljen under VM i Doha med vanvittige 2,04 !!
- Sist helg satte ho verdsrekord i U-20 klassa med 2,01!
Det er bekrefta at Yaroslava kjem til KW International og hoppar høgde, bl.a. mot vår norske sølvmedaljør frå EM 2012: Tonje Andelsen!
Yaroslava har vore ein svært framtredande høgdehoppar i ungdomsklassane, og med verdsrekord i U-20 klassa er det ingen tvil om hennar posisjon der.
At ho skulle ta steget opp på pallen i senior-VM allereie no, var likevel svært overraskande og gledeleg!
Øvinga har dei siste åra vore dominert av Mariya Lasitskene, men ho måtte verkeleg ta ut sitt beste for å slå Mahuchikh i Doha.
Av øvrige junior-og ungdoms-merittar har Yaroslava følgjande på sin CV:
- Gull i VM U18 i 2017
- Gull i EM U20 i 2019
- Gull i EM U18 i 2018
- Vi hadde ein plan om å legge meir vekt på dei tekniske øvingane i år, og med Yaroslava på plass i høgde, i tillegg til Echevarria i lengde for menn er vi godt på veg til å nå denne målsetjinga, seier Karsten Warholm. Dette er jo verdensklasse-utøvarar i begge greinene.