Lange svev i KWI

Lange svev i Karsten Warholm International 28. februar.

Vi kan informere om at vi no har fått stadfesta at regjerande verdsmeister innandørs i lengde, 

Juan Miguel Echevarría, Cuba

https://www.worldathletics.org/athletes/cuba/juan-miguel-echevarria-294120

er klar for deltaking i Karsten Warholm International i Ulsteinvik 28. februar!

Echevarría vann VM innandørs i 2018 som 20-åring med fantastiske 8,46, og følgde opp med bronsemedalje under utandørs-VM i Doha sist haust.

I likheit med Karsten var Echevarría ubesigra under fjorårets Diamond League, og vann alle tre stemna han deltok i.

Hans personlege rekord er vanvittige 8,68. Arrangøren var litt bekymra for om slike lengder let seg gjere i Ulsteinhallen, men Teknisk arrangør Dimna IL v / Arve Hatløy  kan heldigvis berolige med at lengdegropa er 11 meter lang, så hopp i verdensklasse skal gå fint. 

Den norske rekordholdaren Ingar Kiplesund (8,10) stiller også til start, i tillegg til den lovande ungguten Henrik Flåtnes, Tønsberg, som har hoppa 7,65.

  • Eg syns det er veldig kjekt å få inn «world class» aktive til stemnet, det er den beste bursdagsgåva eg kan få, seier Karsten Warholm som fyller 24 år på stemnedagen. 

Ytterlege kommentarar:

Kristine G. Haddal, prosjektleiar (908 58 276)

Arve Hatløy, Dimna IL, teknisk arrangør (414 76 148)

Ståle Jan Frøynes, deltakar-koordinator (90141998)

Vi benytter informasjonskapslar (cookies) for å gjere opplevinga di betre når du besøker denne nettstaden. Ved å fortsette å bruke nettstaden godtek du bruken av informasjonskapslar. Du kan lese meir her.