Nyheiter og pressemeldingar
Siste nytt
Verdsmeister til Ulsteinvik
06/02/2020
Verdsmeister Pierre-Ambroise Bosse også klar for Ulsteinvik! Etter å ha bygd opp dei tekniske øvingane …
Fleire spennande øvingar med internasjonal matching
Program
*Øvingane er førebels og kan bli endra før stemnestart.
Øving
Tidspunkt
Utøvarar
Elitestemne i Ulsteinvik
Om stemnet
Det er med glede vi igjen kan invitere til elitestemne i friidrett når Karsten Warholm International går av stabelen 28.02.2020.
Det blir garantert god stemning i Ulsteinhallen med dyktige utøvarar til start innan mange spennande løp og tekniske øvelsar. Karsten sjølv fyller 24 år denne dagen, så det er med andre ord duka for skikkeleg friidretts – og bursdagsfest denne fredagskvelden! Innandørsstemnet er eit elitestemne med internasjonal matching for fleire av dei beste friidrettsutøvarane i Norge. Stemnet vert arrangert i samarbeid med Karsten sin moderklubb Dimna IL. Frå Team Coop Tokyo kjem både Karsten Warholm, Amalie Iuel, Hedda Hynne og Marcus Thomsen. I tillegg vil du sjå fleire andre nasjonale, internasjonale og lokale utøvarar i aksjon. Stemnet startar kl 17.30 med forøvelsar, offisiell opning av stemnet kl 18.00. Ta turen til Ulsteinhallen for ein uforgløymeleg friidrettsopplevelse!
Billettsalget er i gong
Har du sikra deg billett?
Ofte stilte spørsmål
Spørsmål og svar
KW International blir arrangert i Ulsteinhallen i Ulsteinvik på Sunnmøre 28.02.2020 kl. 17:30.
Ein kan kjøpe billettar ved å trykke på “Kjøp billettar” oppe til høgre på denne nettsida. Ein kan også kjøpe billettar i kaféen på Ulstein Arena samt i kinokiosken på kulturhuset ved Sjøborg Hotell. Eventuelle restbillettar vert solgt i døra.
Stemnet varer 1.5 – 2 timar
Det finnes fleire soner i hallen, og prisane vil difor variere noko ut frå plassering. For detaljert prisoversikt, følg denne lenka til billettsalget.
Heile felt D er ei familietribune med rabatterte prisar. Prisane for familier ligg på 170,- for dei vaksne og 70,- for born.
Du kan kontakte arrangøren via spørjeskjema som ligg her. For spørsmål om akkreditering kan du bruke dette skjemaet skjemaet. Vi kjem tilbake til deg så snart som råd!